Snart kan vi senke skuldrane og nyte sommaren. Lange lyse dagar, og massevis av tid til å oppleve alt du har lyst til. Ta med vennegjengen eller familien og forsyn deg av fjord og fjell, med høg eller lav puls. I Loen har vi god plass, aktivitetar for alle både ute og inne, god mat, bading og spennande utflukter.

Aktiv sommar

Opplev fjellet på gode vandrestiar med Loen Skylift, klatre Via Ferrata Loen, prøv zipline, opplev fjorden i kajakk eller på SUP. Ta turen til magiske Lodalen og Lovatnet, rett bak hotellet. Og kanskje du vil teste sommarski? Borna kan boltre seg i splitter nye Loen Play, i gongavstand frå hotellet. 

Priseksempel, per natt sommaren 2022

2 personar i dobbeltrom frå 3.620,-
2 vaksne og 1 barn frå 4.170,-
2 vaksne og 2 born frå 4.520,-

Inkludert

  • Middag i Restaurant Charlotte
  • Frukost i Restaurant Charlotte
  • Inngong i Alexandra Bad
  • Inngong treningsfasilitetar
  • Badekåpe og slippers under heile opphaldet

Booking

Bestill på denne nettsida, eller ta kontakt på 57 87 50 00 eller alex@alexandra.no.