Loen er den vesle bygda med dei store opplevingane. Inst i fjordarmen, mellom høge majestetiske fjell, grøne bøar og kalde isbrear. Her kan du vere aktiv eller slappe av, eller begge deler. Det er heilt opp til deg. Hotel Alexandra er også eit ypparleg utgongspunkt for å utforske andre delar av regionen, og her har vi samla noko av det du kan oppleve.