Hoven møterom - 1011 meter over kvardagen

Ta bedrifta til nye høgder – bokstaveleg tala. På toppen av Loen Skylift, 1011 meter over fjorden, finn du ein unik arena for inspirerande møte, samlingar og strategisamlingar. Her får de ro, perspektiv og ei utsikt som løftar både blikket og tankane. Gjennom store panoramavindauge ligg fjord, bre og bratte fjell som eit storslått bakteppe for gode samtalar, kreative idéar og viktige beslutningar.

Det nye møterommet er moderne utstyrt med alt de treng for effektive møte inkludert teknisk tilrettelegging for presentasjonar og digitale løysingar. Rommet har plass til inntil 25 personar.

Tilkomsten er enkel og spektakulær: Loen Skylift tek dykk raskt og komfortabelt frå fjord til fjell, og gjer sjølve reisa til ein del av opplevinga.

Kombiner gjerne møtet med servering i Hoven Restaurant, teambuilding eller ein pust i bakken på terrassen. Du kan også kombinere det med overnatting på Hotel Alexandra. Ta kontakt for eit godt tilbod. 

Hotel Loenfjord

Loenfjord er eit moderne hotell med 141 doble rom og eit velutstyrt og fleksibelt møtelokale med plass for inntil 110 personar. Sjå loenfjord.no