
SUP
Brettpadling, eller stand up paddle (SUP) surfing/boarding, eller på hawaiisk hoe he'e nalu, er ein veksande verdsomspennande sport med opphav frå Hawaii. Det er ei eldgamal form for surfing, og har blitt ein måte for surfere å padle lenger distansar. Utøvaren står på eit spesialdesigna surfebrett med noko meir volum, lengde og breidde enn eit vanleg surfebrett og nyttar ei lang padleåre som ein fører langs sida av brettet.
Loen Active har SUP-brett til utleige på fjorden. Leige av SUP-brett inkluderer padleåre, redningsvest, våtdrakt og våtsko
Trøbåt
Loen Active leiger ut trøbåtar frå butikken i Loen sentrum. Det er plass til fire personar i kvar trøbåt.
Leige av trøbåt inkluderer redningsvest. Bestill trøbåt online for fire eller åtte timar. Om du har spørsmål kan du kontakte Loen Active på post@loenactive.no eller +47 57 87 58 00.