På toppen av Hoven 1000 meter over fjorden har Loen Active opna to nye zipliner som er henholdsvis 125 og 95 meter lange. Her kan du fly over øvste delen på Tungejølet, med utsikt mot hengebrua i Via Ferrata Loen. Ziplinene ligg berre 5-10 min gange nordaust frå toppstasjonen til Loen Skylift, og er lokalisert ved stien frå Via Ferrata Loen. Mange brukar også ziplinene som avslutning etter klatreturen. Ziplinene har start og avslutning på Hoven.

Opningstider: Vi planlegg opning 1. mai (med forbehold om snø), og vil halde ope kvar laurdag utover våren, og dagleg frå skuleferien.

Med atterhald om været.

Les meir her