Skal du feire eit jubileum, bursdag, bryllaupsdag eller kanskje du skal gifte deg? Hotel Alexandra har selskapslokale for alle anledningar. Vi har lang erfaring med feiringar i alle fasongar, og vil gjere vårt ytterste for å tilrettelegge for ein minnerik dag.
Atmosfære og mat skal gå hand i hand, og våre konsulentar koordinerer dette på beste måte - frå start til vel gjennomført feiring.
![](/media/198456/bryllup-nordfjordstova-alexandra-loen-20220827_165450-800.jpg?w=600&h=320&mode=crop&anchor=middlecenter)
Selskap, feiringar og events
Ved spesielle anledningar eller når noko skal feirast dekkar vi gjerne opp til festmiddag i eit eigna lokale.
![Brudepar på Hoven i Loen (foto: Eirik Halvorsen)](/media/197930/eirik-halvorsen-pre-wedding-loen-skylift-5.jpg?w=600&h=320&mode=crop&anchor=middlecenter)
Bryllaup
Del draumane dykkar om den store dagen med oss, senk skuldrane og lat oss ta hand om alt det praktiske rundt festen. Bryllaup krev planlegging i minste detalj. Vi har lang erfaring og deler gjerne vår kompetanse slik at dagen dykkar vert både minnerik og flott.