Deluxe 7 plus rom med fjordutsikt

I 7. etg. ligg våre delikate Deluxe 7+ rom, med utsikt over fjorden. Desse romma ligg i ei skjerma fløy av hotellet og er elegante og romslege av høg klasse, med kunst på veggane og behageleg belysning. Alle romma har balkong, så her kan du nyte fjordlandskapet høgt og fritt. Desse romma passar perfekt for par som ynskjer kvalitetstid saman,  eller dei som ynskjer fred og ro aleine. Alle rom har dusj og badekar.    

Romma varierer i storleik, men er gjennomsnittleg 35 kvm. Opphaldet inkluderer sjølvsagt inngang i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler. Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.

Det er ikkje mogleg med hund på desse romma.

Rommet inkluderer

  • Frukostbuffet
  • Inngang i Alexandra Bad
  • Inngang i trenings- og styrkerommet
  • Fjordutsikt
  • Badekåpe og tøfler, samt korg med badehandkle
  • Nespresso kaffimaskin
  • King size seng (180), to dyner
  • Bad med badekar og dusj
  • Romsleg sitjegruppe
  • Skrivebord og stol
  • Internett
  • Minibar
  • TV
  • Hårfønar
  • Garderobeskap
  • Parkettgolv
  • Ikkje høve til ekstrasenger

Ingen ekstraoppreiingar er mogleg i denne romkategorien. Røyking er ikkje tillete.