
Fordelt på 3700 kvm tilbyr Hotel Alexandra ei stor bade- og spaavdeling, med basseng og boblebad både inne og ute. Du kan også prøve vår store sklie med "magesug". Utebassenget inneheld blant anna motstraumsanlegg, massasjesenger, rygg-/nakkemassasje, og er oppvarma heile året. Innandørs og utandørs boblebad, samt innandørs sol-område. Det er også feire barnebasseng inne og ute med fontener, "vass-soppar", vassrutsjebaner, foss og grotte.
Opningstider
Frå kl. 08.00 til 20.00 alle dagar når Hotel Alexandra er ope.
Praktisk informasjon
- Bad & Spa er kun for buande gjester, etter at ein har sjekka inn og før ein sjekkar ut. Dette gjeld også spa-behandlingar.
- Alle må dusje før ein besøker Alexandra Bad & Spa
- Du er sjølv ansvarleg for personlege eigendeler og kle som ligg i garderoben under besøket ditt
- Alle småbarn må bruke badebleier i bassenga. Dette kan kjøpast i spa-butikken.
- Det er forbode å ta med drikkevarer eller glass inn i Bad & Spa
Vi minner om at all bading er på eige ansvar. Barn under 15 år kun i følgje med ein vaksen.