Samle familie og vener til fine romjulsdagar og nyttårsfeiring på Hotel Alexandra. Hotellet er ope frå søndag mandag 28. desember til fredag 1. januar. Kos deg med god mat, triveleg og avslappa atmosfære, og aktivitetar for heile familien. Kvar kveld blir det stemningsfull livemusikk med Aleksander Raftevold i Salong Ida, samt partystemning i Alex Dancing.
Livemusikk med Aleksander Raftevold
Aleksander Raftevold er artist, låtskrivar, musikar og produsent frå Nordfjordeid, busett i Oslo. Til dagleg driv han Pytt Studio, der han arbeider med eigne prosjekt, andre artistar og musikkproduksjon. Under artistnamnet Aleks Grey har han gitt ut musikk i over ti år og turnert både i Noreg, Tyskland og England. Musikken hans har mellom anna vore lista på NRK P1 og NRK P3, og fått speletid på BBC Radio. Dei siste åra har han også markert seg som den eine halvdelen av Raftevold & Berg. Duoen gav i 2024 ut albumet Visenes Vår, og arbeider no med sitt neste album, Mellom vindar. Dei står også bak forestillinga Viser min bestefar song, som no blir spelt på Edderkoppen Scene i Oslo. Raftevold er utdanna ved Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA), der Paul McCartney er ein av initiativtakarane. I romjula kan du også høyre Aleksander på Hoven.

Partystemning med DJ i Alex Dancing kvar kveld
Romjul for dei yngste
Jula er magisk for dei yngste, og det skal den også vere på Hotel Alexandra. Kvar kveld blir det barnedisco i Alex Dancing, og leikerom og badebasseng ventar. Loen Play held ope deler av romjula. I restauranten er det eigen barnebuffet heile romjula.
Romjulsprisar overnatting
Priseksempel (mandag 28/12, tysdag 29. eller onsdag 30/12)
Standardrom: Kr 2130,- per person i dobbeltrom
Standardrom med fjordutsikt: Kr 2330,- per person i dobbeltrom
Superior-rom: Kr 2230,- per person i dobbeltrom
Superior-rom med fjordutsikt: Kr 2430,- per person i dobbeltrom
DeLuxe-rom: Kr 2430,- per person i dobbeltrom
DeLuxe med fjordutsikt: Kr 2630,- per person i dobbeltrom
Prisane inkluderer opphald med romjulsmiddag og frukost. Fri inngang i Alexandra Bad.
For å bestille rom, og sjå fleire prisar og romkategoriar, søker du i boksen til høgre på sida. 28. og 29. desember vil Restaurant Charlotte vere ope også for ikkje-buande gjestar. Bordbestiling er naudsynt.
Nyttårsfeiring
Nyttårsaftan inviterer vi til stor nyttårsbuffet inkludert aperitiff og musikalsk underhaldning ved Eivind Kandal og Torstein Kollevåg frå Sølvane Gard. Ved midnatt sender vi opp vårt store fyrverkeri. Merk at minimum to-døgns opphald er tilgjengeleg i samband med både 30. desember og nyttårsaftan. Priseksempel 30. desember-1. januar frå 5280,- per person i dobbeltrom (standardrom) inkl. middag og frukost.

Aktivitetar i romjula
Nyt dei siste dagane av 2026 med friske aktivitetar ute. Loen Skylift held ope dagleg frå 27. desember (sjå opningstider her). Nyt ein lunsj i Hoven Restaurant, og om veret tillet det kan du gå tur i fjellet - 1011 m.o.h. Loen Play held ope utvalde dagar i romjula. Det fins også mange kjekke aktivitetar innandørs på hotellet: Bading, shuffleboard, biljard m.m. og du vil finne eit godt utstyrt treningsrom her.
Etter nyttår vil Hotel Alexandra stenge ein liten periode, men opnar att medio januar 2027.





Foto: Tor Aage Lillestøl, Dag Ulvedal/Visit Nordfjord Lene Marie Gåsbakk, Dag Ulvedal/Visit Nordfjord, Bård Basberg