
Nyt hausten og førjulstida i Loen med store naturopplevingar, velvære, avslapping og god mat.
Bli med på guida kajakktur på Nordfjorden, opplev vakre og historiske Lodalen, Briksdalsbreen eller besøk Sagastad - det nye kunnskapssenteret om vikingtida. Likar du å gå fjellturar så finn du mange skilta og tilrettelagde stiar i og rundt Loen. Og etterpå - eller før - tek du deg nokre timar i Alexandra Bad & Spa. Forslag til aktivitetar finn du her.
I midtveke til og med 11. desember får du gode prisar på dobbeltrom inkl. frukost og middag frå kr 2020,- per person per natt. (Dersom ein bur 2 netter, er prisen frå kr 1770,- per person per natt).
Dette er inkludert
- Overnatting i dobbeltrom
- Middag i Restaurant Charlotte
- Frukost i Restaurant Charlotte
- Inngang i Alexandra Bad
- Inngang i treningssenteret
- Badekåpe og tøfler under heile opphaldet
Større rom og rom med fjordutsikt har andre prisar. Spabehandling kan bestillast.
Enkeltromspris frå kr 2420,- per natt./kr 2170 pr natt ved 2 netter.
Frå 24. november finn du julemat på menyen kvar dag også i midtveke. Vi kjem gjerne med anbefalingar til drikke.
I det romantiske hjørnet? Vi tilbyr romantiske to-døgns pakkar i midtveke også.
Bestilling
For eit godt tilbod på midtvekeopphald kan du ta kontakt på alex@alexandra.no eller 57 87 50 50. Tilbodet er ikkje tilgjengeleg for nettbestilling.