Lodalen med sin ville natur og dramatiske historie er ein av dei store naturattraksjonane i området rundt hotellet. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lavaste brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er eit ynda fotomotiv. Bødalen er ein av sidedalane, og her finn du Bødalssetra som er utgongspunktet for turar til sjølvaste Lodalskåpa ("Vestlandsdronninga") 2083 m.o.h.

Lodalen har ei dramatisk historie. Både i 1905 og i 1936 løsna store ras frå Ramnefjellet. Rasa førte til flodbølger som øydela Nesdalen og Bødalen, og 135 menneskeliv gikk tapt. Her kan du lese meir om dei dramatiske hendingane.

Inst i dalen ligg den imponerande Kjendalsbreen, og på vegen dit kan du nytte høvet til å prøve fiskelukka i det grøne Lovatnet.

Båttur på Lovatnet

Båten MS Kjenndal II fraktar besøkjande på Lovatnet. Meir informasjon om båten og rutetider finn du på kjenndalstova.no MS Kjenndal II har plass til 100 passasjerar. Det er ein 24 meter lang og 4,40 meter brei 1996-modell rundspantbåt. Båten kan leigast, for reservasjon kontakt post@kjenndalstova.no eller ring mobil: 995 13 295 / 905 34 087 (sommar: 918 48 767).

Gratis fiske i Lovatnet

Det er gratis fiske i heile Lovatnet, så fiskekort er ikkje naudsynt. Gjennomsnittsvekta på ørreten i vatnet er ca 200 gram, og den største fisken som er fått i garn i det siste er på heile 9,2 kilo. Sande Camping leiger ut både robåtar, kanoar og fiskeutstyr, så du kan ta ein tur på Lovatnet og prøve å få ein ørret på kroken.

Kjenndalstova

I enden av Lovatnet ligg Kjenndalstova, som er open for servering heile sommaren. Meir info på kjenndalstova.no 

Opplev Lodalen med buss

Fredag 1. juli 2022 startar eit nytt transporttilbod for besøkande i Loen og Lodalen. Loen Shuttle er eit tiltak frå reiselivet i Loen for redusere miljøavtrykket i dalen og forenkle logistikken. Enten du ønskjer å gå til Rakssetra, oppleve Lovatnet eller bade på Breng kan du i sommar la bilen stå, og hoppe på Loen Shuttle. Med ein fleksibel dagsbillett kan du reise så mykje du vil. Les meir