Fjellområdet rundt Loen tilbyr eit rikt utval av turar med ulik vanskegrad og lengde. Turane varierer frå enkle gruslagde stiar til stiar i meir kupert terreng. Du kan gå på eiga hand, eller bli med på guida tur. Her gjev vi deg nokre av våre beste tips. 

Turar frå Loen Skylift
500 meter frå hotellet kjem du til fjordstasjonen til Loen Skylift. Etter 5 minutt i luftig svev kjem du til Hoven, 1011 meter over fjorden. Her kan du velge i fleire turstiar i flott høgfjellsterreng med utsikt over fjordlandskapet, som er skilta, merka og tilrettelagt. Turbeskrivelsar finn du her.

Skåla
Skåla, den vakre giganten, ruvar over Loenbygda. Ein sti bygd for hand, snirklar seg gjennom den grove steinura, 1848 vertikale meter frå fjordkanten. Og på toppen er det til og med to DNT hytter - ei veldig gamal, og ei veldig ny. Kvart år kan du springe Skåla Opp - Nord-Europas tøffaste motbakkeløp. Rekorden er 1 time 7 minutt og 6 sekund. Uforståeleg for dei fleste som har gått turen, men tydelegvis fullt mogleg. Skåla er eit populært turmål, og passar for dei fjellvande som er i god fysisk form. Les meir om turen til Skåla her.

Bødalen og Bødalsbreen
I ein sidedal til den vakre Lodalen finn du Bødal. På ein tydeleg og godt tilrettelagt sti kan du nå heilt til Bødalsbreen, som ligg inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Les meir på Ut.no.

Andre forslag
Sande-Haugen/Tjugensetra-Sande, Loen
Huaren, Olden
Segestad, Oppstryn

Resepsjonen har turkart, så spør oss! 

Vil du ha med guide på turen? Loen Active har lokalkjende guidar som kan ta deg med på tur.