Vi legg vår stoltheit i å servere god mat. Den velfylte middagsbuffet er ein klassikar, medan nokre vel den elegante a la carte restauranten. For ei ekstra spesiell oppleving opnar vi vinkjellaren for små grupper, og serverer eksklusive menyar og vinsmaking. Vårt fokus ligg i å bruke lokale og regionale kvalitetsråvarer.
Som gjest får du servert buffet med både kalde- og varme rettar i Restaurant Charlotte. Nokre dagar er det servert meny. I Alexandra Bad finn du Cafe Zandra som held ope kvar dag, og ved resepsjonen tilbyr Markus Café lunsjrettar, smørbrød og kaker. Utvalde søndagar serverer vi stor lunsjbuffet. og før jul blir det julelunsjbuffet.
Dersom du ikkje bur på hotellet kan du ta kontakt på 57 87 50 00 eller alex@alexandra.no for å bestille bord. Sjekk også ut restaurantguiden for Loen.