1011 meter over kvardagen

Ta bedrifta til nye høgder – bokstaveleg tala. Gjennom store panoramavindauge ligg fjord, bre og bratte fjell som eit storslått bakteppe for gode samtalar, kreative idéar og viktige beslutningar.

Det nye møterommet er moderne utstyrt med alt de treng for effektive møte inkludert teknisk tilrettelegging for presentasjonar og digitale løysingar. Rommet har plass til inntil 25 personar.

Tilkomsten er enkel og spektakulær: Loen Skylift tek dykk raskt og komfortabelt frå fjord til fjell, og gjer sjølve reisa til ein del av opplevinga.

Kombiner gjerne møtet med servering i Hoven Restaurant, teambuilding eller ein pust i bakken på terrassen.