Alle selskap og events er ulike, og her legg vi planane saman med deg. Vi har gjerne eit forslag til mat og drikke, også kan ein tilpasse etter ynskje og behov. 

Aperitif og snacks
Aperitiff kan serverast i salongen, i hagen, ved marinaen eller på terrassen. Her kan vi også servere frukt eller fingermat frå bugnande fat. Noko lite i magen er godt og appetittvekkjande før middagen.

Middagsmeny
Kjøkkensjefen vår har komponert fleire flotte og smakfulle menyar som de kan velje mellom, både tre-, fire- og femretters menyar. Har de andre ønskje kan vi sjølvsagt tilpasse dette. Barna kan få eigen meny.

Drikke
Når menyen er bestemt, lager vår F&B Manager anbefaling på korresponderande vinar for å gjere den kulinariske opplevinga komplett. Det fins også mange gode alkoholfrie produkt.

Kaker og kaffi
Også kakene skal vere ein fest for både auge og gane. Vår kreative konditor elskar å variere med ingrediensane for å skape spanande, saftige og velsmakande kaker. Mousse, kvit- eller mørk sjokolade, trøffel, ganache, mintsjokolade, friske frukter – berre fantasien set grenser. Utforming kan gjerast i varierande storleikar, og pynta i forhold til fargar og tema. Utfordre gjerne den flinke konditoren vår. Dersom de ynskjer fleire val på kakebordet, kan ekstra kaker bestillast frå kakemenyen.

Longdrinkkupongar
Dersom verten ønskjer å spandere ein runde eller to i baren lagar vi drikkekupongar som gjestene kan nytte. Her avtalast eit eit maksbeløp pr kupong og de betaler for faktisk forbruk.