Førjulstida på Hotel Alexandra er lun og eventyrleg. Lys glitrar i heile Loen, det er fyr i peisen, bassenga er varme og pulsen senkar seg når du går inn døra. Ta med deg familien, kollegaer eller gode vener, og la oss ordne resten.  

Kvar fredag og laurdag frå 11. november til 17. desember inviterer vi til julebord. Buffeten bugnar av herleg julemat og andre delikatesser.  Frå 21. november har vi julemat på menyen også i midtveke. Nyt aperitiffen i Salong Ida framfor den knitrande peisen.

Desse spelar i Alex Dancing

  • 11. – 12. november: Stine Nilsen & Livin' West
  • 18. – 19. november: Backflash
  • 25. – 26. november: Listen to the band
  • 2. – 3. desember: Cozy
  • 9. – 10. desember: Backflash
  • 16. – 17. desember: Cozy

For borna blir det julediskotek fredag og laurdag frå 19:30 til 21:30 i Alex Dancing.

Prisar fredag-søndag frå kr 4180,- per person i dobbeltrom (standard rom) inkludert julebord, frukost og inngong i Alexandra Bad. Spabehandling kan bestillast

Har du med deg familien eller kollegaer og vil gjere litt ekstra ut av det?
Vi kan anbefale smaking av vin eller champagne i Markus Vinkjellar, guida vandretur, og mykje meir for grupper opp til 20 personar. Ta kontakt med salsavdelinga vår, så hjelper vi deg.

Kjekke aktivitetar for alle
Inne finn du leikerom, aktivitetsavdeling, badeanlegg, treningssenter (frå 16 år) og spa-avdeling (frå 18 år). Ute gjer vi klar skøytebana (med atterhald), så ta gjerne med skøyter og hjelm. Loen Active har også skøyter til utleige. Ta turen til fjells med Loen Skylift og nyt ein god lunsj i Hoven Restaurant. Har du med borna er det perfekt å ta dei med til Loen Play. Reis på juleshopping i designbygda Stryn, gå tur til ein av setrane i området eller opplev vikingsenteret Sagastad på Nordfjordeid.

Kome hit i midtveke?
Frå 21. november tilbyr vi julemat kvar dag også i midtveke. Pris frå 1645,- p.p. i dobbeltrom / kr 2050 i enkeltrom inkludert frukost, middag og ingong i Alexandra Bad. Kontakt oss på e-post eller telefon for meir informasjon og bestilling.

Julebord eller julelunsj på Hoven
For ein lunsj utanom det vanlege kan du bli med på julelunsj i midtveke i Hoven Restaurant 1011 meter over havet. Her er bane t/r og treretters julelunsj inkludert. Dersom du er ute etter julebord, og ikkje skal bu på hotellet anbefaler vi julebord i Hoven Restaurant, som inkluderer t/r Loen Skylift og tre-retters julemeny fredagar og laurdagar i perioden 11. november til 17. desember. 

Søndagslunsjjulebord
Vi inviterer til søndagslunsjjulebord 20. og 27. november samt 4. og 11. desember, frå kl 13:30 til kl 15:00. Les meir her.