Hotel Alexandra har stor bade- og spaavdeling, med basseng og boblebad både inne og ute. Du kan også prøve vår store sklie med "magesug".

I Alexandra Spa tek våre høgt kvalifiserte terapeutar hand om deg med eit breitt spekter av spa-behandlingar som passar for både kvinner og menn.

Praktisk informasjon
Merk at på grunn av smittevern er Bad & Spa berre for buande gjester, etter at ein har sjekka inn og før ein sjekkar ut. Dette gjeld også spa-behandlingar. Vi gjer merksam på at Alexandra ikkje er ansvarlig for ting eller kle som ligg i garderoben under besøket ditt. Alle småbarn må bruke badebleier i bassenga. Dette kan kjøpast i spa-butikken.

 

Alexandra Bad

Fordelt på 3700 kvm tilbyr Hotel Alexandra ei stor bade- og spa-avdeling, med basseng og boblebad både inne og ute. Av hensyn til smittevern er Alexandra Bad & Spa kun for buande gjester.

Alexandra Spa

SPA (Salus per aqua) betyr "helse gjennom vatn" og har i århundre involvert mineralrikt vatn, varme og avslapning. Våre høgt kvalifiserte terapeuter vil ta vare på deg med eit breitt spekter av behandlingar som passar for både menn og kvinner.