Treng du eit avbrekk frå heimekontoret? Ta med jobben til Hotel Alexandra i Loen og kjenn at blikket hevar seg og hjernen får litt betre plass. Jobb når du føler for det, og ta fri når det passar. Stå opp til ferdig frukost, jobb ei stund, ta ei økt i treningsrommet, hiv deg i bassenget eller stikk til fjells. Jobb litt meir, og gå deretter til ferdig tre-retters middag. Repeat. Kom aleine, eller ta med fleire.

"A workation is a vacation that allows you to work remotely while integrating elements of leisure that let you unwind, relax and be more productive“ (HR Technologist)

Dagane kan bli lange på heimekontoret, så for å beholde humør og motivasjon kan det vere lurt å skifte miljø. Nye inntrykk, god plass, frisk luft og leikegrinda rett utanfor det komfortable hotellet. Kanskje er dette akkurat det du treng no?

Dette er inkludert i ditt bortekontor
• Romsleg rom med skrivebord, sofagruppe og balkong
• Middag om kelden
• Frukost til kl 10:30
• Alexandra Bad
• WiFi med god kapasitet
• Møterom med moderne fasilitetar
• Nytt treningsrom
• Spinning (sesoongavhengig)
• Tilgong til aktivitetsavdeling
• 10% rabatt på tur/retur billett Loen Skylift 
• Badekåpe og tøfler
• Gratis parkering

Kontakt oss på tlf 57 87 50 00 for eit godt tilbod på bortekontor i Loen, eller send mail til alex@alexandra.no


Treng du møterom?

Vi har ny konferanseavdeling med store og små møterom, og eit felles loungeområde. Her kan du låne møterom når du vil, og her finn du kaffi og te.

Aktive avbrekk- ute eller inne
Loen og Stryn har noko for ein kvar smak og kondisnivå. Vi kan nemne Loen Skylift, Via Ferrata, kajakk, SUP (ja vi har tørrdrakter også), toppturar på ski, milevis med langrennsløyper, shopping og vandreløyper til sætrar og andre stader nede i dalen. Inne har vi aktivitetsavdeling med biljard, shuffleboard m.m., treningsrom og sjølvsagt den herlege badeavdelinga vår for lange eller korte symjeturar.

Alexandra Bad & Spa
Hotel Alexandra har stor bade og spa avdeling. I Alexandra Bad kan du symje inne eller ute, og nyte varme boblebad. I Alexandra Spa tek våre høgt kvalifiserte terapeutar hand om deg med eit breitt spekter av spa-behandlingar. Etter ei behandling, eller ved å betale inngong får du også tilgong på den ekslusive spa-avdelinga med thylarium, saunaer, boblebad, kuldekulp og varmebasseng.

Bli i helga også, og kanskje ta med kjæresten?
Ta med din kjære eller ein ven, eller bli over helga. Ta kontakt så finn vi ein god pris. Reis til fjells med Loen Skylift, og få 10% rabatt på tur/retur billett.