Deluxe 7 plus rom

I 7. etg. ligg våre delikate Deluxe 7+ rom, med utsikt mot Lodalen og Skåla. Desse romma ligg i ei skjerma fløy av hotellet, er elegante og romslege rom av høg klasse, med kunst på veggane og behageleg belysning. Alle romma har balkong. Desse romma passar perfekt for par som ynskjer kvalitetstid saman,  eller dei som ynskjer fred og ro aleine. Alle romma har dusj og badekar.

Romma varierer i storleik, men er gjennomsnittleg 35 kvm. Opphaldet inkluderer sjølvsagt inngang i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler. Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.

Det er ikkje mogleg med hund på desse romma.

Rommet inkluderer

  • Bad
  • Hårfønar
  • Minibar
  • TV
  • Skrivebord
  • Wi-Fi
  • Badekåpe og tøfler
  • Badekorg med handkle
  • “King size” seng (180), to dyner
  • Utsikt mot Loen og Skåla
  • 7. etasje
  • Balkong
  • Høg standard
  • Ingen ekstrasenger
  • Fri inngang i Alexandra Bad
  • Nespresso kaffimaskin

Ingen ekstraoppreiingar er mogleg i denne romkategorien. Røyking er ikkje tillete.