Hotel Alexandra er eit familiedrive hotell som er opptatt av å sikre ei berekraftig utvikling til glede for våre gjestar, tilsette, lokalsamfunnet og framtidige generasjonar. Klimautfordringane er ei stor og viktig samfunnsoppgåve, og Hotel Alexandra ynskjer å bidra. Hotel Alexandra er sertifisert som Miljøfyrtårn

Miljøtiltak
Gjennom store investeringar og målretta arbeid har Hotel Alexandra oppnådd energimerke A. Dei siste åra har vi investert i ny energisentral for å fase ut bruk av fyringsolje. Vi nyttar no kun energi frå fjorden og elektrisitet frå fornybar, lokal vasskraft, noko som resulterer i lavt energibruk og ingen klimagassutslepp. Gjennom tiltaka har vi redusert årleg kjøp av straum frå det offentlege straumnettet med 40% - med mellom 2 og 3 GWh. Det svarar til det årlege straumforbruket til over 100 husstandar. Den nye energisentralen gjev oss fleire miljøgevinstar og vi er stolte av at vi i dag er fossilfri og nyttar kun fornybar energi:

  • Ingen klimagassutslepp
  • Bruk av varmepumper basert på fornybar energi
  • Kjøling ved bruk av sjøvatn. Kjøleenergien i sjøvatn blir overført til hotellet sitt kjøleanlegg ved hjelp av varmevekslar, utan bruk av kuldemedia
  • Fjordvarme til oppvarming av hotellet
  • Varmegjenvinning
  • Sikrare og meir energieffektiv drift av energisentralen
  • Energioppfølging
  • Elektrisitet vert produsert lokalt, i hovudsak i Innvik

Fjordingen: "Så glad vert ein hotelldirektør når han har kutta energibruken med 40%"
NRK: "Gjer store investeringar for å spare på straum­rekninga"

For å spare enda meir energi vert vindauge og dører i hotellet jamnleg bytt ut.

24 ladestasjonar for elbilar ved hotellet.

Avdelingane på hotellet har stort fokus på avfallssortering, og sorterer m.a. matavfall, plast, papir, glas og metall. 

Reduksjon av matsvinn er eit fokusområde, og her har vi t.d. innført mindre storleik på serveringsfat på buffeten, overskotsmat frå restaurantane blir servert i kantine, god kontroll og oversikt på lagerbeholdning m.m. 

Vi har investert i eit nytt berekraftig vaskeri der alle vaske- og reingjeringsmiddel er svanemerka, og vi unngår lang transport av tøy.

Gjennom innkjøpsorganisasjonen Nores set vi krav til våre leverandørar. Nores krev at alle leverandører og underleverandører har ein aktiv miljøprofil og eit tiltaksprogram for miljø.

Vi følgjer WWF Sjømatguide og Artsdatabanken for norsk fisk og fangst samt norske skaldyr og blautdyr. Vi nyttar berre godkjende berekraftige importerte fisk og skaldyr av sertifiserte importørar.

Drikkevatn vert henta frå fjella rett bak hotellet.

All skadedyrbekjempelse er giftfri gjennom Anticimex.

I tillegg til drift av hotellet engasjerer vi oss i andre tiltak som t.d. tilrettelegging av turstiar, spesielt gjennom vårt eigarskap og engasjement i Loen Skylift og samarbeidet med Statens Naturoppsyn om Skåla-stien. Turstiane er tilrettelagt for å kontrollere trafikken, unngå terrengslitasje utanfor stiane, hindre erosjon og legge til rette for meir fysisk aktivitet. Turløyper er eit fellesgode som kjem både lokalbefolkninga og besøkande til gode.


Lokalsamfunnet
Som hjørnesteinsbedrift i ein liten kommune er det viktig å bidra til lokal verdiskaping. Vi arbeider kontinuerleg for å skape og oppretthalde gode og trygge arbeidsplassar, i tråd med gjeldande regelverk som arbeidsmiljølova og tariffavtalar. Dette for å sikre våre tilsette regulerte arbeidsforhold og -vilkår. Gjennom bedriftshelsetenesta tryggjer vi oppfølging og førebygging av sjukdom, og eit aktivt arbeidsmiljøutval. 

  • Vi støttar lokale frivillige lag og organisasjonar med sponsing, premiar, arrangement og gåver.
  • I alle byggeprosjekt nyttar vi stort sett lokale firma, og andre leverandørar vert også hovudsakleg henta lokalt.
  • Vi er opptatt av gjenbruk av byggemateriale, møblar og interiør så langt det let seg gjere.
  • Vi er opptatt av å bruke gode lokale råvarer som vi kan servere våre gjestar. Dette bidrar til lokal verdiskaping og reduserer transportbehovet. I tillegg er dette noko som gjestane i stadig større grad set pris på.
  • Vi er stolte av historia og kulturen vår, og formidlar dette til våre gjestar gjennom mat og drikke, kunst, historieforteljing og formidling av våre rike tradisjonar.


Økonomisk berekraft

Hotel Alexandra er ei solid bedrift som over mange år har levert gode og stabile resultat. Dette gjer oss i stand til å stadig vidareutvikle produktet, sikre trygge arbeidsplassar og foreta tidsriktige investeringar.

Hotel Alexandra vart sertifisert som Miljøfyrtårn 25. mai 2022.