Suitene våre er av høg standard med god komfort. Dei fleste ligg vendt mot fjorden med balkong mot sør og vest. Alle suitene har separat salong med romsleg sitjegruppe og soverom, og stort bad med både badekar og dusj. Opphaldet inkluderer sjølvsagt inngong i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler.Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.

To av suitene kan kombinerast med connecting rom i kategori juniorsuite med fjordutsikt, og får dermed ein total storleik på ca 90 kvm. Suitene har plass til inntil tre ekstra oppreiingar (for barn).

Det er ikkje mogleg med hund i denne romkategorien.

Rommet inkluderer

  • Frukostbuffet
  • Inngang i Alexandra Bad
  • Inngang i trenings- og styrkerommet
  • Storleik 50-60 kvm.
  • “King size” seng (180)
  • Romsleg sitjegruppe
  • Stort bad med badekar og dusj
  • Badekåpe og tøfler, samt korg med badehandkle
  • Skrivebord og stol
  • Internett
  • Nespresso kaffimaskin
  • Minibar
  • TV
  • Hårfønar
  • Garderobeskap
  • Parkettgolv
  • To av suitene har connection til juniorsuite mot fjord (dør imellom)

Røyking er ikkje tillete.