Midt mellom fjord, fjell og brear i Loen ligg Hotel Alexandra – eit familieeigd hotell med ei historie som strekkjer seg heilt tilbake til 1884.

Det som starta med eit lite hotell med 20 gjestesenger, har gjennom fem generasjonar utvikla seg til ei omfattande reiselivsverksemd. Mykje har endra seg på over 140 år, men noko har vore konstant: ønsket om å skape gode opplevingar, utvikle Loen som reisemål og møte gjestane med personleg vertskap.

Hotel Alexandra i dag

I dag er Hotel Alexandra eit moderne heilårshotell – framleis frittståande, familieeigd og utan kjedetilknyting. Hotellet har 206 rom og eit omfattande tilbod innan overnatting, mat og drikke, bad og spa, kurs og konferansar, selskap og ferieopphald.

Men Alexandra er i dag også ein del av noko større. Gjennom fleire tiår har familien investert i hotell, aktivitetar og opplevingar som har vore med på å utvikle Loen til ein internasjonalt kjend reiselivsdestinasjon. I konsernet finn ein mellom anna Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Hoven Restaurant & Bar, Loen Active, Via Ferrata Loen og Loen Apartments.

Felles for satsingane er nærleiken til naturen og ønsket om å gjere det enkelt for gjestene å oppleve Loen – frå fjorden til fjellet.

Samtidig er Alexandra framleis eit hotell der familien er tett på. Femte generasjon driv verksemda vidare, med Richard Grov som konsernsjef og Ingri Grov Kämpf som hotellsjef.

Historia vår

Det starta i 1884

Historia om Hotel Alexandra startar i 1884, då Anders Markusson Loen opna Loen's Hotel. Turismen i Nordfjord var enno i startfasen, men den storslåtte naturen med fjord, fjell og brear hadde byrja å trekkje reisande frå inn- og utland til Loen.

Rundt 1889 kom sonen Markus Loen heim frå Amerika saman med si svenske kone Ida. Familien utvikla hotellet vidare, og nokre år seinare fekk det namnet Hotel Alexandra, oppkalla etter prinsesse Alexandra av Danmark, som seinare vart dronning av Storbritannia.

Markus var ein framsynt hotellmann som tidleg såg potensialet i den internasjonale turismen. Han arbeidde for å få turistskip til Loen og organiserte, saman med bygdefolket, transport vidare inn i Lodalen og på Lovatnet. Hotellet vart bygd ut fleire gonger og utvikla seg gradvis til å bli eit av dei markante turisthotella på Vestlandet.

Etter at Markus døydde i 1929, førte Ida og dei ni borna deira hotellet vidare gjennom krevjande tider. Eldste dottera Kari fekk ei særleg viktig rolle. I 1934 tok sonen Richard Loen over som direktør, og saman med kona Jenny førte han familietradisjonen vidare gjennom ei tid med store endringar i norsk reiseliv.

Inger og Eivind – ei ny tid

Eldste dotter til Richard og Jenny gifta seg med Eivind Grov, og dei tok over drifta av hotellet i 1965. Saman skulle dei setje eit sterkt preg på hotellet gjennom fleire tiår. Inger og Eivind var både eigarar, leiarar og vertskap. Dei var tett på gjestene, dei tilsette og den daglege drifta og bygde vidare på den personlege gjestfridomen som hadde vore ein del av Alexandra heilt sidan starten. På denne tida var hotellet framleis i stor grad eit tradisjonelt turisthotell, med sommaren som den viktigaste sesongen. Inger og Eivind såg potensialet i å utvikle Alexandra til eit heilårshotell – og samtidig skape fleire heilårsarbeidsplassar i Loen.

Den første symjehallen opna i 1975. Det vart starten på ei langsiktig satsing på heilårsdrift. Dei neste tiåra vart hotellet bygd ut og modernisert, samtidig som det vart satsa på den norske marknaden, kurs og konferansar, restaurantdrift, selskap og ferieopphald.

Inger hadde ei sentral rolle i den daglege drifta og vertskapskulturen, medan Eivind var ein sterk pådrivar for investeringar og utvikling, både av Alexandra og av reiselivet i Loen og Nordfjord. Han hadde ei sterk tru på at ein heile tida måtte fornye seg og skape nye grunnar til å besøkje Loen.

I 1996 opna Hotel Loenfjord. I 2004 kom Alexandra Bad & Spa, som på den tida var den største enkeltinvesteringa i hotellet si historie. Same året vart Eivind Grov utnemnd til Ridder av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for innsatsen sin for norsk reiseliv.

Femte generasjon – nye opplevingar i Loen

I 2012 tok Richard Grov over etter faren Eivind, og femte generasjon førte familieverksemda vidare. Richard hadde allereie vore aktiv i verksemda i mange år og vart ei sentral drivkraft i utviklinga av aktivitetsturismen i Loen, mellom anna gjennom Skåla Opp, Loen Active og Via Ferrata Loen.

Den største satsinga kom med Loen Skylift, som opna i 2017. Pendelbana frå fjorden til Hoven, 1 011 meter over havet, vart eit nytt fyrtårn for reiselivet og har bidrege til å vidareutvikle Loen som heilårsdestinasjon. Hoven Restaurant, Loen Play, Loen Apartments og Loen Marina er også ein del av konsernet. 

I dag er Richard Grov konsernsjef med overordna ansvar for verksemda, investeringane og den langsiktige utviklinga. Søstera Ingri Grov Kämpf er hotellsjef og leier den daglege drifta av Hotel Alexandra. Ho fører samtidig vidare den nære vertskapsrolla som har vore ein del av hotellet gjennom generasjonar.

Lokalt eigarskap – med røtene i Loen

Det lokale eigarskapet har vore ein viktig del av Hotel Alexandra heilt sidan 1884. Når eigarane sjølve bur og arbeider i lokalsamfunnet, får utviklinga eit langsiktig perspektiv. Hotellet og Loen har på mange måtar vakse saman, og investeringane har ikkje berre handla om å utvikle hotellet, men også om å skape arbeidsplassar, aktivitet og nye opplevingar i bygda.

Store avgjerder blir framleis tekne lokalt – av menneske som kjenner hotellet, dei tilsette, gjestene og bygda. 

Frå 20 gjestesenger i 1884 til dagens reiselivsverksemd går det difor ein tydeleg raud tråd: Kvar generasjon har bygd vidare på det den førre skapte. Å utvikle og fornye – utan å miste den personlege gjestfridomen, familietradisjonen og dei sterke røtene i Loen.

Etter meir enn 140 år er Alexandra framleis lokalt eigd – med røtene i Loen og blikket retta framover.

Langsiktig og berekraftig utvikling

For oss handlar berekraft om å ta vare på det som gjer Loen til ein attraktiv stad å besøkje, bu og arbeide – også for framtidige generasjonar. Som lokalt og familieeigd konsern har vi eit langsiktig perspektiv på utviklinga vår, og investerer i løysingar som reduserer ressursbruk og miljøbelastning. Hotel Alexandra og dei andre bedriftene i konsernet er Miljøfyrtårn-sertifisert, og hotelldrifta nyttar mellom anna lokal vasskraft, varmepumper basert på energi frå fjorden, sjøvatn til kjøling og varmegjenvinning. Samtidig handlar berekraft for oss om meir enn energi og utslepp. Det handlar også om heilårsarbeidsplassar, lokale ringverknader og om å utvikle reiselivet i Loen på ein måte som tek omsyn til både naturen, lokalsamfunnet og dei som kjem etter oss.