Midt i aktivitetsbygda Loen, inst i fjorden mellom høge fjell måtte vi ha noko meir. Noko heilt spesielt for våre yngste gjestar: Eit lite univers med kjekke utfordringar for både kropp og hovud. Perfekt på grå dagar, og når dei vaksne har fått bestemme programmet litt for lenge.

Loen Play tilbyr aktivitetar for born frå 0-15 år. I første etasje finn du aktivitetshuset for dei frå 3-12 år, samt ei avdeling for dei aller yngste. I kjellaren er det aktivitetar for dei litt eldre borna frå 5-15 år.

Feire bursdag? Bursdagsfest med mat og drikke i bursdagsrommet, og deretter leik og full fart rundt omkring i Loen Play. 

Finn ut meir på loenplay.no