Bu midt i Loen - opnar 2028

På Loen Base bur du midt i Loen, med kort veg til både fjord, fjell og opplevingar.

Loen Base er eit nytt og moderne overnattingstilbod med både hotellrom og romslege leilegheiter. Overnattingstilbodet opnar i mai 2028, men blir tilgjengeleg for bestilling frå våren 2027. 

Her bur du komfortabelt og sentralt, med fridom til å leggje opp opphaldet akkurat slik du ønskjer. Loen Base er ope heile året og passar like godt for par og familiar som for vener på tur.

Loen Base tilbyr fleksibel overnatting med sjølvbetening. I første etasje finn du bakeri, restaurant og bar som skaper eit hyggeleg samlingspunkt. Her finn du også treningssenter og Loen Active Base Camp, med eit stort utval aktivitetar rett utanfor døra.

Med Loen Skylift, fjorden og fjella like i nærleiken ligg alt til rette for flotte opplevingar – anten du kjem for å vere aktiv, nyte naturen eller berre ha nokre gode dagar i Loen.

Hotellrom og leilegheiter

Loen Base tilbyr 28 moderne dobbeltrom og 21 leilegheiter med god plass til både korte og lengre opphald. Det vil også vere felles vaskerom med vaskemaskin og tørketromlar tilgjengeleg for gjestar. 

Dobbeltrom
Alle rom har dobbeltseng (kan delast i twin), bad med dusj og toalett, TV og skrivebord.

Leilegheiter
Leilegheitene har dobbeltseng (kan delast i twin), køyeseng, bad med dusj og toalett og TV. Eit praktisk kjøkken med kjøleskap, kokeplater, mikrobølgjeomn og oppvaskmaskin gjer det enkelt å lage eigne måltid. Alle leilegheitene har spiseplass til fem personar.

Loen Active Base Camp – opplevingar rett utanfor døra

Med Loen Active Base Camp i same bygg er vegen kort til store og små eventyr. Her kan du bli med på Via Ferrata Loen, zipline og guida fjellturar, eller utforske området på sykkel, i kajakk, på SUP-brett eller i trøbåt. Loen Active tilbyr også aktivitetar og teambuilding for grupper.

Om vinteren kan du leige akebrett og truger, eller bli med på guida opplevingar i vinterlandskapet.

Mat og drikke

I første etasje på Loen Base finn du bakeri, restaurant og bar. Her kan du starte dagen med ferske bakarvarer, nyte eit godt måltid eller samle gode vener. Daglegvarebutikk ligg også like ved, så det er enkelt å handle inn det du treng. Loen Base er eit overnattingstilbod med utan måltid inkluderte, men gjestar kan bestille frukost frå bakeriet.

Loen Base – din base for gode dagar i Loen, heile året.