Dette er dei mest kompakte romma vi tilbyr, og er for opptil to personar. Romma varierer i storleik, men er gjennomsnittleg 20 kvm. Nokre av romma har balkong. Rommet har skrivebord og ein til to lenestolar, og bad med dusj eller badekar. Vi har også nokre enkeltrom i denne kategorien. Opphaldet inkluderer inngang i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler. Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.

Nokre rom i denne kategorien har moglegheit for hund (mot tillegg).

Rommet inkluderer

  • Frukostbuffet
  • Utsikt mot fjellet eller i retning Lodalen
  • Inngang i Alexandra Bad
  • Inngang i trenings- og styrkerommet
  • «Twin bed» (2x90), to dyner
  • Skrivebord
  • Minibar
  • TV
  • Internett
  • Badekåpe og tøfler, samt korg med badehandkle
  • Hårfønar

Ingen ekstraoppreiingar er mogleg i denne romkategorien. Røyking er ikkje tillete.