Kanskje har du sett føre deg akkurat korleis festen skal vere, eller så er du open for opplegg og stil. Uansett vil vi gjere vårt beste for ei vellukka markering. Hotellet rommar mange moglegheiter, så det er berre å starte planlegginga. 

Staselege og intime Nordfjordstova, storslåtte Loensalen, den gamle vinkjellaren, eller moderne Andrine. Alt etter storleik på festen og ynskje finn vi det som passar best.