Skålasuiten ligg i 7. etasje og har som namnet indikerer utsikt rett mot majestetiske Skåla (1843 m.). Den er lys og moderne, og går over to etasjar, med balkong i begge høgdene. Suiten har eige spisebord og ei romsleg sofagruppe. Ein fjelltur på Skåla fortener ekstra god restitusjon, så suiten har fått stort bad med boblebad og dusj, samt ekstra wc i underetasjen. Eit opphald i Skålasuiten inkluderer inngong velværeavdelinga Alexandra Spa. Opphaldet inkluderer sjølvsagt også inngang i Alexandra Bad, treningsrom, badekåpe og tøfler. Bestiller du på websida vår er middag inkludert i prisen.

Skålasuiten kan kombinerast med connecting-rom i kategori DeLuxe, og får dermed ein total storleik på 110 kvm.

Det er ikkje mogleg med hund i Skålasuiten.

Skålasuiten inkluderer

  • Frukostbuffet
  • Inngang i Alexandra Spa
  • Inngang i Alexandra Bad
  • Inngang i trenings- og styrkerommet
  • Storleik 75 kvadratmeter
  • 7. etasje med utsikt mot Skåla
  • Balkong
  • «King size» seng (180), to dyner
  • Stort bad med boblebad og "rainshower" dusj. Ekstra toalett i underetasjen.
  • Badekåpe, tøfler og korg med badehandkle
  • Hårfønar
  • Skrivebord og stol
  • Internett
  • Nespresso kaffimaskin
  • Minibar
  • TV
  • Garderobeskap
  • Kan vere connection til DeLuxe rom

Det er ikkje mogleg med ekstrasengar på dette rommet. Røyking er ikkje tillete.