Hotel Alexandra har årelang erfaring med å arrangere møter, lagbygging og konferansar, og tilbyr eit stort utval av aktivitetar, underhaldning og utflukter. Med eit fantastisk bakteppe av fjordar, fjell og brear gir Loen gir deg utallige moglegheiter til å møtast, lære og oppleve. 

Fjols til fjells - teambuilding

Fjelluft gjer noko med deg. Perspektivet blir større, i dobbel forstand, med utsikt over mektige fjell og fjorden som buktar seg langt der nede. Reis til Hoven med Loen Skylift - ein perfekt arena for å bli betre kjent, både med kollegaer men også seg sjølv. Loen Active kjenner fjella her, og har mange års erfaring med å rettleie under aktivitetar, og sørge for ei god oppleving for samtlege deltakarar, uansett form og interesse. Etter uteaktivitetane samlast vi rundt eit måltid mat - høgt og fritt, godt og varmt. Vi deler dykk inn i lag, og gjennomfører aktivitetane som ein uhøgtideleg konkurranse eller leik. "Fjols til fjells" kan gjennomførast som eit halvdags- eller heildagsopplegg, med aktivitetar tilpassa ynskt aktivitetsnivå. Saman med Loen Active syr vi saman eit totalt opplegg med overnatting, mat og aktivitetar. Les meir om aktivitetane eller ta kontakt for eit tilbod. 

Vinsmaking 

Markus Vinkjellar byr på ei perfekt atmosfære for vinkjennarar og andre som søkjer løyndomen til vinen. Kjellaren er bygd på tuftene til det opprinnelege Hotel Alexandra frå 1884. Med plass til 20 personar passar vinkjellaren til middagar, vinsmakingar, vinkurs og som ein møtestad for aperitiff. Hotellet sin vinkelner står til teneste med råd og anbefalingar. Vi tilbyr vinsmaking frå nybyrjarar og oppover med utvalde område for spesielt interesserte. Les meir

 

Opplev området på eiga hand eller med guide

Loen er den vesle bygda med dei store opplevingane. Her kan du vere aktiv eller slappe av, eller begge deler. Det er heilt opp til deg. Dette er også eit ypparleg utgongspunkt for å utforske regionen, og her har vi samla noko av det du kan oppleve. Les meir om aktivitetane her