
Velkomne til årets seniorjulebord på Hotel Alexandra i Loen 9. og 10. desember 2025! Nytt i år er at vi utvidar med ein ekstra dag med julestemning, god mat og dans! Begge kveldar startar med ein utsøkt julebuffet, og etterpå blir det dans og hygge, med Steinar Engelbrektson på scena. Med fengande tonar og godt humør blir det garantert liv på dansegolvet!
Vi byr på aperitiff, julebord og dans v/Steinar Engelbrektson. Inngong i Alexandra Bad er også sjølvsagt inkludert.
Program begge dagar
13:00-17:30 Markus Cafe er open
17:30-19:30 Aperitiff (kupong ved innsjekk)
17:45 Historieforteljing v/Olav R. Faleide
19:00-21 Julebord. Du avtalar klokkeslett med hovmeister etter innsjekk.
21:00 Dans med Steinar Engelbrektson. Salong Ida er også open.
Om Steinar Engelbrektson
Steinar Engelbrektson har base i vakre Nordfjord. Kjennetegnet på Steinar er spelegleda han leverer frå scena. Sjølv etter 40 år på vegen er han like lysten på å spele og få treffe publikum, som den dagen han først entra ei scene. Steinar har mange fans som fartar land og strand, helg etter helg, og frå festival til festival for å oppleve dansbar country fra øvste hylle. Låtar som «På grunn av bagateller», «Hundrings til ein kaffi» og «Heim til Nordfjord» har blitt udødelige slagarar og skapar stemning og allsang over heile landet.
Prisar med overnatting
Dbl. standardrom: Eitt døgn 1.690,- p.p. / to døgn kr 3.380 p.p.
Dbl. standardrom m/fjordutsikt: Eitt døgn 1.890,- p.p. / to døgn 3.780 p.p.
Dbl. superior rom: Eitt døgn 1.790,- p.p. / to døgn 3.580 p.p.
Dbl. superior rom m/fjordutsikt: Eitt døgn 1.990,- p.p. / to døgn 3.980 p.p.
Dbl. deluxe rom: Eitt døgn 1.990,- p.p. / to døgn 3.980 p.p.
Dbl. deluxe rom m/fjordutsikt: Eitt døgn 2.190,- p.p. / to døgn 4.380 p.p.
Tillegg enkeltrom, frå: kr 400,-
Prisane inkluderer opphald med aperitiff, foredrag, julebordsbuffet og dans, samt stor frukostbuffet. Fri inngang i Alexandra Bad etter innsjekk og før utsjekk.
Bur du ikkje på hotellet, men ynskjer å delta?
Du er også hjarteleg velkomen til å delta sjølv om du ikkje bur på hotellet. Prisen for ikkje-buande er 890,- inkludert aperitiff, julebord og dans.
Bestilling
For bestilling ta kontakt på 57 87 50 50 eller alex@alexandra.no
Foto: Lene Marie Gåsbakk