Anten du søkjer aktive opplevingar som får adrenalinet til å bruse, eller berre ønskjer å slappe av er Loen staden for deg. Dei ulike sesongane fyller vi med forfriskande aktivitetar, velvære og gode matopplevingar.
Under her finn du spanande pakkar for ein kvar smak, og om du ynskjer noko heilt spesielt er det berre å ta kontakt med oss på alex@alexandra.no
Foto oppe: Lene Marie Gåsbakk
Haustferie i Loen
Haustferien er ein liten pustepause og ein gyllen sjanse til å skape gode minner saman med borna. Opplevingar i naturen kombinert med innekos og moro er ein sikker vinnar. Og kanskje rekk de å gjere ting som dokke ikkje fekk tid til i sommarferien?
Kvalitetstid i midtveke
Nyt hausten og førjulstida i Loen med store naturopplevingar, velvære, avslapping og god mat.