Sagastad på Nordfjordeid (55 min. frå Loen) er vestlandet sitt nye kunnskapssenter om vikingtida. Her kan du oppleve det 30 meter lange Myklebustskipet – eit av verdas største vikingskip. Lær om mystikk og ritualer, om store reiser i fantastiske skip, og om vår stolte kulturhistorie.

Senteret ligg vakkert til ved Eidsfjorden berre 300 meter frå grava der Myklebustskipet var gravlagt. Ei av landets rikaste, største og mest spektakulære vikinggraver. Her fortel gravfunna oss ei dramatisk historie om Vikingkongen og skipet hans. Om liv og død, og reisa inn i etterlivet.

Sagastad er eit kunnskapssenter av nasjonalt format. Senteret er forankra i forskning i samarbeid med Universitetet i Bergen. Den mest sentrale delen av senteret er det spektakulære Myklebustskipet som var gjenbygt på Nordfjordeid av røynde båtbyggjarar frå Bjørkedalen over ein periode på 3 år (2016-2019). Gå om bord i skipet og ta del i den spanande i historia gjennom ei innhaldsrik og interaktiv utstilling.

Kom, og la deg begeistre.

Buande gjestar på Hotel Alexandra får inngongsbillett til 150,- for vaksen og 50,- for born (ordinærpris 190,-/100,-).

Senteret er ope for grupper utanom ordinære opningstider. 

Les meir her