I HYDLAPARKEN kan du leike deg i klatreløyper mellom tretoppane, hyle deg gjennom zip lines, utfordre deg i pump tracken eller slappe av med ein kopp kaffi. Dei minste kan boltre seg i miniHYDLA, dei tøffaste kan hoppe frå Hydlaspranget, medan du som berre vil utforske den fantastisk flotte moreneryggen som klatreparken er bygd på kan rusle på stiane og kikke opp i trekrunene. 

Våre buande gjester får 15% rabatt på klatring i Hydlaparken. Kontakt resepsjonen for kode etter at du har sjekka inn.

Les meir her