Vil du vere med å vidareutvikle økonomifunksjonen i ei av Vestlandets leiande reiselivsverksemder?
Alexandra konsernet (Hotel Alexandra, Hotel Loenfjord, Loen Skylift, Hoven Restaurant og Loen Active) søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til økonomiavdelinga vår. Vi ser etter deg som har kompetanse innan økonomi og rekneskap, og som ønskjer ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar, ansvar og mogelegheiter for utvikling.
Som ein del av økonomiteamet vårt vil du få ei sentral rolle i den økonomiske oppfølginga av verksemda. Du vil arbeide med både løpande rekneskapsoppgåver, kontroll, rapportering og utvikling av gode og effektive arbeidsprosessar.
Alexandra konsernet er ei familieeig verksemd med lange tradisjonar og ei omfattande satsing innan hotell, restaurant og opplevingar. Dette gir ein variert og spennande økonomikvardag med mange ulike problemstillingar.
Vi ønskjer oss ein kollega som kombinerer god økonomiforståing med interesse for system, kvalitet og utvikling. Vi er opne for kandidatar med ulik bakgrunn og erfaring – både deg som har solid erfaring frå økonomi- og rekneskapsarbeid, og deg som har relevant utdanning og ønskjer å byggje vidare på kompetansen din.
Arbeidsoppgåver
- Løpande rekneskapsføring og økonomisk oppfølging
- Fakturahandtering, betalingsoppfølging og avstemming
- Kontroll og kvalitetssikring av rekneskapsdata
- Månadsavslutning og arbeid knytt til årsoppgjer
- Økonomisk rapportering og analyse
- Oppfølging og vidareutvikling av rutinar og internkontroll
- Bidra til digitalisering, effektivisering og forbetring av arbeidsprosessar
- Andre relevante oppgåver innan økonomi og administrasjon
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver vil bli tilpassa kompetansen og erfaringa til den som blir tilsett. For den rette kandidaten vil det vere gode mogelegheiter til å ta eit større fagleg ansvar.
Kvalifikasjonar
Vi ser gjerne at du har:
- Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon, gjerne på høgskule- eller universitetsnivå
- Erfaring frå rekneskapsarbeid, økonomistyring eller tilsvarande oppgåver
- God forståing for rekneskap og økonomiske prosessar
- God digital kompetanse og erfaring med økonomisystem og Excel
- Interesse for systemutvikling, effektivisering og gode arbeidsprosessar Relevant arbeidserfaring kan kompensere for formell utdanning. Vi oppmodar både erfarne kandidatar og nyutdanna med relevant kompetanse til å søkje. Personlege eigenskapar Vi ser etter deg som arbeider strukturert og nøyaktig, tek ansvar og har god gjennomføringsevne. Du trivst med sjølvstendige oppgåver, men set også pris på samarbeid og kunnskapsdeling. Du er analytisk, løysingsorientert og har interesse for å forstå samanhengar, utvikle rutinar og bidra til gode resultat.
Vi tilbyr
- Ei spennande, fast stilling i ei solid og framtidsretta reiselivsverksemd
- Eit godt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
- Varierte arbeidsoppgåver og innsikt i ei verksemd med fleire forretningsområde
- Mogelegheit for fagleg utvikling, ansvar og påverknad
- Eit inkluderande og uformelt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
- Arbeidsplass i Loen, midt i noko av den vakraste naturen i Noreg
Om oss
Hotel Alexandra, morselskapet i konsernet, er eit familieeigd hotell i Loen med ei historie som strekkjer seg tilbake til 1884. Gjennom fem generasjonar har verksemda utvikla seg frå eit tradisjonsrikt hotell til eit omfattande reiselivsmiljø med fleire verksemder innan overnatting, servering og opplevingar. Vi kombinerer lange tradisjonar med kontinuerleg utvikling og satsingar. Bak verksemda står eit stort lag av dyktige medarbeidarar som kvar dag arbeider for å skape gode opplevingar og resultat. No ønskjer vi å styrkje økonomiteamet vårt med ein ny kollega som vere med på den vidare utviklinga.
Vil du bli ein del av laget vårt? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Ved spørsmål kan du ta kontakt med økonomisjef Kjell Bruland på kjell@alexandra.no.
Stilling: 100%, fast
Søknadsfrist: 13. november 2026
Søknad kan sendast til jobb@alexandra.no