Alexandrakonsernet består av Hotel Alexandra AS, Hotel Loenfjord AS, Loen Active AS, Loen Skylift As, Hoven Restaurant AS, Loen Eigedomsselskap AS og FA-LS Holding AS og har totalt rundt 200 årsverk fordelt på heilårs- og sesongtilsette.
Driftsteknikar
Hotel Alexandra har to ledige 100% stillingar som driftsteknikar. Det kan også vere aktuelt med driftsoppgåver på dei andre eigedomane i konsernet, blant anna det nye Loen BASE med hotell, restaurant etc som er planlagt oppført i 2026-2028.
Oppgåver vert tilpassa kvalifikasjonar aktuelle kandidatar har.
Vanlege arbeidsoppgåver kan vere:
- Drift og overvaking av installasjonar som til dømes ventilasjon, varmeanlegg, kjøleanlegg, heisar, basseng, VVS anlegg, nettverk, elektriske anlegg og låsesystem.
- Vedlikehald, ettersyn og reparasjonar og førebyggande tiltak på utstyr og inventar.
- Feilretting.
- Internkontroll, oppfølging av FDV-system og HMS.
- Kontakt med leverandørar som til dømes innkjøp av materiell og tenester ved behov.
Kvalifikasjonar:
- Vi ser etter deg som har kompetanse innanfor fagområda som er nemnde over, og ikkje minst deg som har interesse for, og er nysgjerrig på tekniske utfordringar som alt frå ettersyn av komplekse tekniske anlegg til å kunne gjere mindre enkle reparasjonsarbeid på alt frå møblar til kjøleskap og kaffimaskiner.
- Kan jobbe både i team og sjølvstendig.
- Allsidig og engasjert.
- Beherske både norsk og engelsk.
Vi kan tilby:
- Varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med tett kontakt mot reinhald, kjøkken, resepsjon og leiing.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår og personalgodar.
- Naudsynt opplæring, kurs hos leverandørar og liknande.
- Du vert ein del av ei av Noregs fremste reiselivsbedrifter.
- Fantastisk natur med store moglegheiter for friluftsliv sommar som vinter.
Send søknad og CV til: jobb@alexandra.no innan 30.06.2026
For meir informasjon kontakt HR-sjef Fride Fjellheim Sande, e-post: fride@alexandra.no
Hotel Alexandra, Lodalsvegen 22, 6789 Loen Tlf. 57 87 50 00 • alexandra.no
Søknadsfrist 30. juni 2026
