Loen er den vesle bygda med dei store opplevingane. Inst i fjordarmen, mellom høge majestetiske fjell, grøne bøar og kalde isbrear. Her kan du vere aktiv eller slappe av, eller begge deler. Det er heilt opp til deg. Hotel Alexandra er også eit ypparleg utgongspunkt for å utforske andre delar av regionen, og her har vi samla noko av det du kan oppleve. 

Desse miljøvenlege aktivitetane når du utan bruk av bil:
Loen Skylift, Via Ferrata (retur med Loen Skylift), kajakk, vandreturar, sup, sykkel og trøbåt.

Loen Skylift og Hoven Restaurant

Loen Skylift er Norges lettaste topptur, og løftar deg frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. Eit eldorado for vandring, topptur, aking m.m.

 

 

Aktivitetar på hotellet

Det er mykje å finne på for både store og små innandørs på Hotel Alexandra; treningsrom, spel og leikerom.