Alexandrakonsernet består av Hotel Alexandra AS, Hotel Loenfjord AS, Loen Active AS, Loen Skylift As, Hoven Restaurant AS, Loen Eigedomsselskap AS og FA-LS Holding AS og har totalt rundt 200 årsverk fordelt på heilårs- og sesongtilsette. 

Reinhaldarar

Hotel Alexandra har rom i sju ulike kategoriar, slik at gjesten skal finne seg til rette basert på sine ynskjer og behov. Hotel Alexandra legg vekt på gjennomgåande god kvalitet. Hotellet har 206 rom, tre møteavdelingar med til saman 1500 m2 kongress-areal, Bade- og Spa-anlegg på 3700 m2, to restauranter og fire barar. Eit hotell i denne storleiken krev nøyaktig og grundig reinhald.

Ansvarsområder:

  • Reingjere rom og fellesområde
  • Levere god service til gjester og kollegaer

Vi søkjer deg som:

  • Er kvalitetsbevisst og har sans for detaljar
  • Har ein utprega ordenssans
  • Har erfaring med tilsvarande arbeid, ikkje eit krav
  • Kan kommunisere godt på norsk og/eller engelsk
  • Kan takle høgt tempo, har stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner
  • Er strukturert og pliktoppfyllande
  • Interessert i faget og ønskjer å utvikle deg

Stillingsprosent: 100% skift, dag, kveld og helg, tilkalling

Periode: Sesong (april-september) og tilkalling

Bli ein del av Alexandrafamilien, og send inn send inn søknad og CV eller ta kontakt på mail: jobb@alexandra.no

Søknadsfrist 31. mai 2022