Ta vare på kjærleiken, og inviter din kjære på noko heilt spesielt Valentinshelga 13.-15. februar. Her skal alt vere klappa og klart, så det er berre å lene seg tilbake og nyte god mat, godt drikke, velvære - og kvarandre.
Weekendpris frå kr 5030 p.p. i dobbeltrom. Suite kan velgast frå kr 8180 per person.
Pakken inkluderer
- Overnatting i dobbeltrom frå fredag til søndag
- Middagsbuffet i Restaurant Charlotte fredag kveld
- Tur/returbillett Loen Skylift laurdag
- Tre-retters servert meny i Hoven Restaurant
- Intimkonsert med Inger Lise Hope i Hoven Restaurant
- Frukost i Restaurant Charlotte laurdag og søndag
- Inngang i Alexandra Bad frå innsjekk til utsjekk (ope kl 08-20)
- Tilgong til treningsrom
- Badetøfler og badekåper under heile opphaldet
Ring oss eller send ein e-post så hjelper vi deg med Champagne på rommet, blomar, frukt og sjokolade dersom du vil gjere enda meir ut av det. Du kan også oppgradere rommet til ein annan standard om du ynskjer det. Prikken over i'en er kanskje ei spa-behandling eller ein duo-massasje for begge to? Ta kontakt så finn vi den perfekte løysinga for dykk.
Sjekk ut vår romantiske weekendpakke om de heller ynskjer å kome ei anna helg, eller bestill rom i helga før Valentines og opplev vår nydelege fisk- og skalldyrbuffet. Vi kan gjere ein romantisk vri denne helga også. Ta kontakt så ordnar vi alt!
Bestilling
Ta kontakt på telefon 57 87 50 50 eller e-post alex@alexandra.no for å bestille (pakken er ikkje tilgjengeleg i vår nettbestilling).
Ei lita gåve til din kjære?
Eit gåvekort med valfritt beløp kan brukast på både spabehandling, eit nytt opphald, drikke, mat, Via Ferrata Loen eller kanskje ein tur med Loen Skylift. Finn ut meir og bestill.



