Eit topptureventyr du aldri gløymer

Er du klar for ei skioppleving utanom det vanlege? Saman med dei erfarne guidane frå Breogfjell kan du leggje ut på ein spektakulær to-dagerstur gjennom noko av det mest majestetiske og utfordrande fjellandskapet i Norge. Med Loen Skylift som utgangspunkt får du ein effektiv start 1011 meter over fjorden – rett inn i eventyret. Her ventar høge toppar, luftige brelandskap og lange, flotte nedkøyringar.

Turen er tilpassa deg som har erfaring frå lengre toppturar og søker ei utfordring med store naturopplevingar, ekte fjellfølelse – og kanskje ei bestigning av ikoniske Lodalskåpa.

Turen går i hjartet av Jostedalsbreen Nasjonalpark – og ruta blir alltid tilpassa forholda for maksimal tryggleik og turoppleving.

Sesong: April-mai

Les meir om pakken her

Har du god kompetanse og kjenner fjella her?

Dersom du planlegg tur på eiga hand er det avgjerande at du har naudsynt kompetanse for sikker ferdsel i vinterfjellet. Sjekk snøskredvarselet før du legg ut på tur, og bruk skredutstyr. Her finn du informasjon om toppturar frå Loen Skylift.