Loen Skylift er ei av dei brattaste banene i verda, og løftar deg frå fjorden i Loen til fjellet Hoven (1011 moh) på fem minutt. På toppen ligg Hoven Restaurant. Hoven er ein heilårs naturbasert opplevingsarena tilrettelagt for aktive utforskarar så vel som barnefamiliar.

Om sommaren er Hoven ein perfekt stad for fjellturar, og ziplina gjev sommarfuglar i magen. Om vinteren kan du suse ned Norges lengste akebakke, gå på truger eller på topptur med ski. Les meir om vinteraktivitetane på Hoven her

Opningstider og meir informasjon finn du her: loenskylift.no


Vandring frå Loen Skylift