Cecilie Skog er ein av dei mest profilerte eventyrarane i verda, og har verkeleg har sprengt grenser, fysisk og mentalt. Ho er den første kvinna i verda som har bestige dei høgste fjella på alle sju kontinent og nådd både Nordpolen, Sydpolen og Mount Everest. Likevel handlar ikkje foredraget hennar først og fremst om prestasjonar, men om noko djupare: gleda av å følge draumane sine og motet til å stå i det ukjende.
Med foredraget “Cecilies Verden” tek Cecilie deg med på ei visuell og følelseslada reise gjennom noko av dei mest ekstreme landskapa i verda. Ho formidlar med varme, humor og rå ærlighet og gjev publikum eit nytt blikk på både eigne mål og korleis ein møter utfordringar i livet og i arbeidslivet.
Meir enn ein eventyrer – Cecilie Skog som formidlar og førebilete
Cecilie er utdanna sjukepleiar og har bakgrunn frå friluftsliv og fjellføring. Ho har skrive fleire bøker, og vore programleiar og deltakar i TV-produksjonar på både NRK og TV 2, blant anna frå seriar som Drømmeturen, Tjukken & Lillemor med Truls Svendsen, og Familiefryd og Skal vi Danse. Foredraget Cecilies Verden er eit sterkt foredrag om indre driv og imponerande opplevingar.
Billettalternativ
Alternativ 1: Foredrag: 410,- ink. mva + avgift
Alternativ 2: Foredrag og tre-retters meny: 1190,- inkl. mva + avgift
Dei som har billett til arrangementet kan kjøpe t/r billett med Loen Skylift til spesialpris 250,- ved ankomst. Dei som har årskort kan sjølvsagt nytte dette.
Overnatting
Dei som har bestilt billett til arrangementet får spesialpris frå 1730,- pr person i dobbeltrom inkludert frukost og inngong i Alexandra Bad. Enkeltromstillegg frå 400,-. Merk at det er eit begrensa antall rom tilgjengeleg til denne kampanjeprisen, så ta gjerne kontakt på 57875000 eller alex@alexandra.no før du bestiller billett.

