Markus Vinkjellar

Markus Vinkjeller byr på ei perfekt atmosfære for vinkjennarar og andre som søkjer løyndomen til vinen. Kjellaren er bygd på tuftene til det opprinnelege Hotel Alexandra frå 1884. Vinkjellaren passar til middagar, vinsmakingar, vinkurs og som ein møtestad for aperitiff.

Hotellet sin vinkelner står til teneste med råd og anbefalingar.

Eksklusive matopplevingar
I vinkjellaren tilbyr vi ulike opplegg for ulike anledningar. «Wine and dine» med ulike tema, eksklusive fem-retters menyar eller la deg overraske og begeistre av vår populære «surprise»-meny. Ved sistnemde alternativ vil kjøkkensjefen føre dykk i inn i ei ny gourmetverd, og vinkelneren vil utfordre til å utforske sansane. Her serverer vi vinspesialitetar djupt frå kjellaren - frå dei beste vinhus og av dei beste årgangar.

"Wine and dine" må bestillast i god tid på førehand, og gjeld frå september 2021.

Vinsmaking
I vinkjellaren tilbyr vi vin- eller Champagne-smaking - frå nybyrjarar og oppover med utvalde område for spesielt interesserte. Her legg vi til rette for kjekt samvær, med eksklusive smakar frå fjern og nær.

Vinkjellaren må tingast på førehand, og har plass til maksimalt 22 personar.

Ta kontakt, så finn vi eit opplegg som passar til anledninga.