VINTERFERIEPROGRAM VEKE 8 OG 9 I LOEN:

15.-29. februar: Snøsafari for born på Hoven (Loen Skylift)
19. februar

Utekino Frost2 på Hoven kl. 20.00
(middagen på Hotel Alexandra startar kl. 18.00

(Loen Skylift)
20. februar Guida trugetur for heile familien på Hoven (Loen Skylift)
16.-21.februar TITO MAGIC med trylleskule og trylleshow på Hotel Alexandra  
21. februar Guida lysvandring på Hoven (Loen Skylift)
22. februar Ski- og akekonkurranse på Hoven (Loen Skylift)
22. februar Konsert med VILDE OG ANNA på Hotel Alexandra  
29. februar INA OG ØRJAN SHOW på Hotel Alexandra  

-------------------------------------------------------------------------------------------------
BARNEDISCO  kl. 19.30  kvar kveld
frå og med fredag 14. til og med laurdag 22. februar.
----------------------------------------------------------------------------------------------

Tryllekunstnaren og magikaren TITO MAGIC og Miss AURORA har to show dagleg i perioden 16. til 21. februar.
Trylleskule på ettermiddagen, og trylleshow om kvelden.

 


Laurdag 22. februar
 kl. 17.00 ønskjer vi velkomen til konsert med den herlege og flinke duoen VILDE OG ANNA som vann MGPjr i 2016 med sangen "Vestlandet". 
Splitter nytt og fartsfylt show med massevis av humor. Eigne nye og gamle songar som gjev allsongeffekt og god stemning!

Konserten laurdag 22. februar kl. 17.00 med Vilde og Anna er inkludert for buande.
Ikkje-buande betaler kr 150,- og kan kjøpe billettar her: Billett

 

Nytt leikerom

Her kan barna boltre seg på over 130 kvm. med eit stort utval leikar og aktivitetar. Ein perfekt stad for kreativitet og leik!

 

Aktivitetsavdleing

I den store aktivitetsavdelinga vår finn de biljard, snooker, shuffleboard, bordtennis, darts, airhockey, fotballspel, spinningsyklar og stort styrketreningsrom.

 

PAKKEPRISAR MIDTVEKE pr natt (søndag-fredag i veke 8 og 9):

2 vaksne og 2 barn:   Frå kr 3.190,- (superior rom)  
       
2 vaksne og 3 barn:   Frå kr 3.790,- (deluxe rom)  
       
1 vaksen og 1 barn:   Frå kr 1.850,-  (standard rom)  
1 vaksen og 1 barn:   Frå kr 1.950,- (superior rom)  
       
1 vaksen og 2 barn:   Frå kr 2.150,- (superior rom)  
       
1 vaksen og 3 barn:   Frå kr 2.350,-  (superior rom)  

Prisen inkluderer opphald med middagsbuffet og frukost, samt fri inngang i Alexandra Bad. 
Bestill opphald øvst på sida.

PAKKEPRISAR HELG pr natt (14.-16. februar og 21.-23. februar):

2 vaksne og 2 barn:   Frå kr 3.580,- (superior rom)  
       
2 vaksne og 3 barn:   Frå kr 4.180,- (deluxe rom)  
       
1 vaksen og 1 barn:   Frå kr 2.040,-  (standard rom)  
1 vaksen og 1 barn:   Frå kr 2.140,- (superior rom)  
       
1 vaksen og 2 barn:   Frå kr 2.340,- (superior rom)  
       
1 vaksen og 3 barn:   Frå kr 2.540,-  (superior rom)  

Prisen inkluderer opphald med middagsbuffet og frukost, samt fri inngang i Alexandra Bad. 
Bestill opphald øvst på sida.


Loen Skylift / Hoven Restaurant

På Hoven (1010 m.o.h.) ligg preparerte skiløyper for langrenn. Transport opp med Loen Skylift
Hoven Restaurant er open alle dagar i vinterferien (veke 8 og 9). Sjå www.loenskylift.no for opningstider.

Vinterpark med langrennsløyper, akebakke, skileik, vintervandring.    Vardevandring.
Utleige av kjelkar og truger.

I veke 8 og 9 har Loen Skylift SPESIALTILBOD til buande på Alexandra:
Familiebillett t/r  for 2 vaksne og 2 barn til kr 990.-.
Overskytande barn kr 90.- per stk.

Pris for 2 vaksne t/r: Kr 800,-   (buande i veke 8 og 9)

 

Stryn Skisenter

På Stryn Skisenter (15 min. frå hotellet) finn du fleire skiheisar og nedfartar, i tillegg til over 40 km preparerte skiløyper (Turløyper Stryn) mellom Ullsheim og Stryn Skisenter. Våre buande gjester får 25 % rabatt på heiskort. Spør etter rabattkort/bevis i resepsjonen på Alexandra før du fer.
Sjå www.strynski.no og www.strynturløyper.no

 

Hornindal Skisenter

Hornindal Skisenter (30 min. frå hotellet) har gode snøforhold og flotte forhold for både erfarne skigåarar, brett- og skikøyrarar. Skitrekk og fleire nedfartar, varmestove, skiskyttar-arena, hoppbakkar, lysløype og turløyper.