Hotel Alexandra opnar dørene fredag 29. mai for overnatting, servering og spabehandlingar.

Vi føl dei nasjonale og kommunale retningslinjene for smittevern. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss.
Les om våre smitteverntiltak her.

I første omgong held hotellet ope i helgane, men vi utvidar etterkvart og vil gradvis vere ope dagleg.

Alle gjestar vert oppfordra til å bestille på nett.

Serveringstilboda vil bli tilpassa dei nasjonale retningslinjene. Frukost vert servert, og på dagtid vil Markus kafé vere open med smørbrød, kaker og lunsjrettar. Middag vil vere ein servert meny.

I byrjinga vil ikkje badeanlegget, treningsrommet og leikerommet vere ope. Dette grunna nasjonale retningslinjer. 

Skal du arrangere?
Større arrangement, feiringar og konferansar kan ta kontakt på alex@alexandra.no eller 57 87 50 50.

Har du spørsmål?
Ta kontakt med salsavdelinga på alex@alexandra.no eller 57 87 50 50.
Salsavdelinga er open mandag til fredag kl 8-18. Laurdag kl 10-14. Søndag stengt.

Her finn du svar på nokre ofte stilte spørsmål

Loen Skylift, Hoven Restaurant og Via Ferrata Loen opnar 15. mai.