Når opnar Hotel Alexandra?
Alexandra er no ope alle dagar.

Vil badeanlegget vere ope?
Alexandra Bad & Spa er ope for buande gjester på Alexandra. 

Kan eg bestille spa-behandling?
Ja det kan du dersom du bur på Alexandra. For å bestille spabehandling kontakt alex@alexandra.no.

Kva smitteverntiltak vert gjort på hotellet?
Vi føl dei nasjonale og kommunale retningslinjene for smittevern. Gjestar og tilsette skal føle at det er godt og trygt både å besøke og jobbe hos oss.
Les om våre smitteverntiltak her

Eg har gåvekort som har gått ut i perioden de har hatt stengt – får eg forlenga fristen?
Ja, det får du. Informasjon om dette vert publisert om kort tid.

Kva mattilbod har hotellet?
Frukost vert servert og på dagtid vil Markus kafè vere open med smørbrød, kaker og lunsjrettar. Middag vil vere ein servert meny.
Du kan også bestille kun overnatting med frukost (ikkje tilgjengeleg for nettbestilling), og i staden bestille grill-"peikebuffet" her på hotellet, eller reise til fjells og nyte ein middag i Hoven Restaurant.

Vil leikerommet vere ope?
Leikerommet er ope, men utan ballbasseng og småleikar inntil vidare, grunna nasjonale og kommunale retningslinjer.

Vi bur ikkje på hotellet, men ønskjer ein lunsj eller middag. Er dette muleg?
Dette er ikkje muleg inntil vidare. 

Er Loen Skylift ope
Loen Skylift opnar 15. mai. Opningstider finn du på denne sida. Merk at alle som planlegg eit måltid må førehandsbestille bord i Hoven Restaurant.

Er Via Ferrata Loen open?
Ja, Via ferrata Loen er open. Du finn meir informasjon og kan bestille på denne sida.