Unn deg ei helg med humor, komfort, god mat og velvære – alt under eitt tak!

Overnatting fredag-søndag frå kr 3180,- per person inkludert

  • Middagsbuffet fredag og laurdag
  • Frukost laurdag og søndag
  • Show laurdag kveld
  • Inngong i Alexandra Bad
  • Badetøfler og badekåper under heile opphaldet
  • Rabattkupong Loen Skylift

Bestill online, ta kontakt på 57 87 50 00 eller alex@alexandra.no

 

Ina & Ørjan Show
Ina Breivik og Ørjan Liavåg er to av dei ypperste og mest meritterte komikarane på Vestlandet, som no slår seg saman i «Ina & Ørjan Show».


Ina er mest kjent for sin karakter Margot, den frittalande Ålesundsfrua på godt og vel 80 år, som har vore stjerne i tre soloshow, og har gjort fleire opptredenar på NRK TV. Ina har også vore svært delaktig i fleire oppsetjingar med den suksessrike humortrioen S, M, XL.


Ørjan hugsar dei fleste som Leif-Per Moltubakk og «steikje fine gardiner», men han har også stått på scena saman med Marit Voldsæter, Fredrik Steen, Christine Hope, Dagfinn Lyngbø og Thomas Ryste m fl.

​Forestillinga «Ina & Ørjan Show» er ei herleg blanding av utvalde reprisar og heilt nye nummer og karakterar. Her er det gode sjansar for at showet endrar seg frå gong til gong, og med karakterar som Margot, Leif-Per, Jannen, Jann Leite og fleire andre, kan publikum forvente seg litt av en godtepose av et show.

Vil du på show utan å bu her?
Ikkje-buande betaler kr 300,- og kan kjøpe billettar her:
Billett
Dei som har kjøpt billett til showet får spesialpris på 450,- for Alexandra sin middagsbuffet ved å syne gyldig billett. Bord bør reserverast på førehand.