EIN FESTKVELD MED ABBA-MUSIKK 
laurdag 25. april kl. 18.00

Frostskoddekoret og Stryn Musikklag inviterer til ein festkveld med ABBA-musikk. Konserten er ei utvida utgåve av konserten frå Kulturnatta i november i fjor då "Fjordingen" skreiv: «Konserten med Frostskoddekoret og Stryn Musikklag var full av musikalske høgdepunkt, og vart symbolsk avrunda med «Thank you for the music» med solist Lise Mari Sætre».

Denne gongen er det lagt til eit knippe av ABBA sine mest kjende låtar. Med 50 aktørar på scena samt dyktige lokale solistar er det duka for ei flott musikkoppleving!

Solistar: Lise Mari Sætre, Ingeborg Vonheim, Torill Midtkandal, Bernt Ragnvald Veddegjerde
Musikalsk leiing: Endre Ladehaug

Billetten til konserten er kr 275,- pr person.

Dersom du ikkje bur på hotellet, har vi spesialpris på middagsbuffeten for alle som har konsertbillett. Kr 515,- pr person.

Kjøp billettar her: Billett