Hotel Alexandra - PAKKEPRISAR pr natt (søndag-fredag i veke 8 og 9):

2 vaksne og 2 barn: Frå kr 2.990,- (medium rom)  
2 vaksne og 3 barn: Frå kr 3.690,- (deluxe rom)  
       
1 vaksen og 1 barn: Frå kr 1.900,-  (standard rom)  
1 vaksen og 1 barn: Frå kr 2.000,- (medium rom)  
       
1 vaksen og 2 barn: Frå kr 2.300,- (medium rom)  
1 vaksen og 3 barn: Frå kr 2.750,-  (medium rom)  


Prisen inkluderer opphald med middagsbuffet og frukost, samt fri inngang i Alexandra Bad. 
Bestill opphald øvst på sida.

Tryllekunstnaren og magikaren TITO MAGIC har to show dagleg i perioden 20. til 27. februar.

 

Laurdag 23. februar ønskjer vi velkomen til konsert med den herlege og flinke duoen "Vilde og Anna" som vann MGPjr i 2016 med sangen "Vestlandet".

 


THORIS SUPERGUTT har to show dagleg i perioden 28.februar til 2.mars.

Thoris er i knallform og klar for mykje meir moro i sitt nye show. "Du er bra" vil glede både små og store, med masse latter, sang og dans og mange heilsprøe påfunn.


Loen Skylift / Hoven Restaurant

På Hoven (1010 m.o.h.) ligg preparerte skiløyper for langrenn. Transport opp med Loen Skylift

Hoven Restaurant er open alle dagar i vinterferien (veke 8 og 9). Sjå www.loenskylift.no for opningstider.

Vinterpark med langrennsløyper, akebakke, skileik, vintervandring.

 

Stryn Skisenter

På Stryn Skisenter (15 min. frå hotellet) finn du fleire skiheisar og nedfartar, i tillegg til over 40 km preparerte skiløyper (Turløyper Stryn) mellom Ullsheim og Stryn Skisenter.
Sjå www.strynski.no og www.strynturløyper.no

 

Hornindal Skisenter

Hornindal Skisenter (30 min. frå hotellet) har gode snøforhold og flotte forhold for både erfarne skigåarar, brett- og skikøyrarar. Skitrekk og fleire nedfartar, varmestove, skiskyttar-arena, hoppbakkar, lysløype og turløyper.