Nyt ei herleg vinterhelg på Alexandra i Januar!

Fredag og laurdag blir det dans i Alex Dancing til 3Naboar. Med eit variert repertoar og låtar som svinger, skapar dei topp stemning i Alex Dancing. Nabovarsel er herved sendt ut!

Om det ikkje skulle bli snø ute å boltre seg i, står vår store Bad og Spa avdeling klar med oppvarma basseng innandørs og utandørs. Stort utval i velgjerande Spa-behandlingar. I aktivitetsavdelinga kan heile familien more seg med forskjellige spel og aktivitetar.

 

Turløyper på Hoven - til Skredfjellet (4 km tur/retur):

(foto: Bente Flore)

Meir info - sjå www.loenskylift.no


Flotte ski-forhold i Stryn:
www.strynski.no
www.strynturløyper.no