Med eit salstal utan sidestykke, over to millionar selde, er det ei glede å kunne presentere: "Frem fra Glemselen" konsert med Rita Engebretsen og Tommy Michaelsen fredag 3. mai.

Rita som er ho som sang på plateserien og står bak desse flotte skillingsvisene, har ikkje turnert på mange år, men er no tilbake.
Tommy Michaelsen er musikar og sangar, kjend frå band som Picazzo og Vagabond.
Saman har disse artistane sett saman eit knippe kjende og kjære låtar frå "svunnen tid".
Gle deg til ein konsert som tar deg tilbake til ei tid der ein song forteljingar og historier til kvarandre i generasjonar.