Laurdag 23. februar ønskjer vi velkomen til konsert med den herlege og flinke duoen "Vilde og Anna" som vann MGPjr i 2016 med sangen "Vestlandet".

No er dei klare med nytt humørfylt show som inneheld både nye og gamle sangar. 
Duoen frå Nordfjordeid syng og skriv sine eigne pop-låtar. Jentene er kjende for melodiøse og fengande sangar med enkle og tydelege tekstar på norsk. Sidan dei vann MGPjr har dei reist rundt i heile Norge og opptredd på mange store konsertar og festivalar, og også deltatt i fleire underhaldningsprogram på TV. Dei blir hyppig spelt på radio, og sangen Vestlandet kjem i 2019 til å passere 5 millionar streams på Spotify.

Konserten er inkludert for buande gjester.

IKKJE-BUANDE:
Konsert laurdag for gjester som ikkje bur på hotellet: Kr 150,- pr person.

PAKKEPRISAR pr natt:

2 vaksne og 2 barn: Kr 3.290,- (medium rom)
2 vaksne og 3 barn: Kr 3.990,- (deluxe rom)  

1 vaksen og 1 barn: Kr 2.050,- (standard rom)
1 vaksen og 1 barn: Kr 2.150,- (medium rom) 

1 vaksen og 2 barn: Kr 2.450,- (medium rom)
1 vaksen og 3 barn: Kr 3.000,- (medium rom)

Prisen inkluderer opphald med middagsbuffet og frukost, samt fri inngang i Alexandra Bad. 

Bestill opphald øvst på sida.

 

Fredag og laurdag kl. 17.00 (laurdag 15.00) og kl. 20.30 er det også trylleskule og show med tryllekunstnaren og magikaren TITO MAGIC